mandag 30. mars 2009

Flyturen

Som Raggi var inne på hadde me ein minnerik flytur hit til Bolivia. På flyet frå Paris til Miami fekk Grane ein smell i beinet. Han var bakerst i flyet og henta seg ein Pepsi Max, då flyet plutselig rista kraftig. Pepsi´n gjekk dukken, og Grane datt og vrikka beinet. Dette førte til mange komiske situasjonar på flyplassen i Miami, og ei rekke framkomstmidler blei testa. Først 2 ulike rullestolar, så ryggen min (litt av eit syn), og tilslutt ein sånn "golfbil".  

                                                        Her fekk me tak i ein golfbil. 
                                                            Fekk ein del smil her ja. 

                                                         Her har me pasienten, i rullestol nr. 2

Men nå går det bedre med beinet, og me håper og trur han kan gå som normalt snart. 
I mårå skal me sykle den berømte dødsveien, og gler oss til det. På onsdag går ferden videre til Sokre, der me skal vere med på generalforsamlinga i den Lutherske kjørka i Bolivia.

Åssi.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar